Informasjon om initiativet
Initiativtakaren er Christoffer Valland, og som mange andre er eg bitt av laupsbasillen. Eg ynskjer å skapa eit arrangement midt i blømingen i Hardanger. Eit arrangement som syner fram den vakre naturen, bygdene, butikkar, kafear og alt anna.
Formålet er eit arrangement til dei spreke innbyggjarane, syna fram heimbygda til besøkjande og skapa ein folkefest i heimbygda. Ein treng ikkje delta i sjølve laupet for å oppleva bygda: sjå kva anna du kan oppleva her.
Dette blir eit testlaup for å sjå om det er mogleg å laga til eit årleg arrangement. Det hadde vore fantastisk!

Det er ikkje planen å konkurrere med Bergen City Marathon på noko måte. Det er meir nærliggande å sjå på dette som eit restitusjonslaup for dei som har delteke på BCM, eller for dei som ynskjer å springa eit laup utelukkande for stemninga sin del – ikkje for å pushe rekordar.
Termingodkjenning og løypemåling
Det jobbast med å få godkjent løypa av Norsk Friidrett, men for å få til dette må det bestillast av eit godkjent idrettslag. Eg er difor i dialog med lokale idrettslag og foreningar for å kunne bestille løypemåling. Førebels har eitt idrettslag stilt seg skeptiske til arrangementet, medan kommunen er svært positive.
Uavhengig av godkjenning frå Norsk Friidrett vil løypene bli godt merka, og med GPX-filer.