Andre opplevingar i Hardanger
Det er mange grunnar til å koma til området denne helga, og det er ikkje deltakarane som skapar den beste atmosfæren. Det er alle supportarane. For at lauparane skal halde motivasjon og at dette skal bli vellukka er me avhengig av store heiagjengar. Så ta med eit flagg, ei bjølle eller berre deg sjølv og skap god stemning for alle deltakarane, samt få andre opplevingar i Hardanger.

Gardsbesøk
Fleire lokale gardar har eiga utsal og besøksmoglegheiter. Ta turen innom og finn fantastiske lokale varer.

Kafé og restaurant
Det er langt frå den største bygda, men utval av gode kaféar og restaurantar er stort.

Smaking
Lokale sideri tilbyr smaking av både sider og eplemost.